Odd i Krånå

Mandagar tek programleiar Inge Kallestad ein telefon til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland, for ein prat om liv og tru.


All Episodes

Det foranderlege og det urokkelege

Du får gamle historiar om liv som på kort tid endra seg, og ord om det eine urokkelege. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar utgangspunkt i ord frå det første kapittelet i Forkynnaren si bok i Bibelen.  Programleiar: Inge Kallestad

Æra far og mor

Historie om fjøsstell i farne tider og ord om å æra sine foreldre. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til barndomsår på Jæren. Programleiar: Inge Kallestad

Ord om å elska fiendane

Ord frå Jesus om å elska fiendane og velsigna dei som forbannar vil kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland stansa for når han stoppar i Bergpreika i Matteusevangeliet kapittel 5, vers 38-48. 

Orda frå fiskaren

Ein gong sa fiskaren Simon til Jesus: «På ditt ord, Herre». Kva meinte han med desse orda? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tek oss med historien om Simon, seinare kjent som læresveinen Peter, sin prat med Jesus i ein båt. Du finn den i Lukasevangeliet kapittel 5. 

Apostel med torn i kjøtet

Kvifor skriv apostelen Paulus om at han hadde ein «torn i kjøtet»? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til bibelhistorien frå 2.Korintarbrev kapittel 12. 

Mannen med empati

-Han var ein mann med empati, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han fortel meir om Timoteus, ein venn og medarbeidar av apostelen Paulus. 

Universet og ord frå Kong David

Du får tankar om universet og ord frå Kong David i Salmenes bok når kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland er med oss i første drøsen etter sommarpausen.  Programleiar: Inge Kallestad

Tenåringen og den svære kjempa

Tenåringen David sin kamp mot kjempa Goliat er tema i denne praten med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Det blir også nokre diktlinjer frå venterommet.  Programleiar: Inge Kallestad 

Kva kan songen bety?

Det blir  både ord om songen sin betydning og nokre songvers i denne praten med kunstnaren, forkynnaren og sangaren Odd Dubland. Programleiar: Inge Kallestad

-Ein formidabel motstandar

-Me står i ein åndskamp med ein formidabel motstandar, som vil øydeleggja gudsforholdet vårt. Kven er då vår konge? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Efesarbrevet kapittel 6 i Bibelen. Innslaget er eit gjenhøyr frå 2015.  Programleiar: Inge Kallestad

Kvinna som bar på ei stor sorg

Hanna bar på ei stor sorg. Historien finn du i 1. Samuelsbok kapittel 1 i Bibelen. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel.  Programleiar: Inge Kallestad

-Eit sant menneske

-Jesus var eit sant menneske, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til bibelhistorie frå Johannesevangeliet kapittel 4 og Hebrearbrevet 4, vers 15. 

Tru og tvil i Bibelen

Bibelen snakkar om tru, men også om tvil. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram ein slik historie i forbindelse  med Kristi himmelfart. Me skal til Matteusevangeliet kapittel 28.  Programleiar: Inge Kallestad

Kom Jesus for alle mennesker?

Er budskapet om Jesus for alle mennesker? Spørsmålet dukka opp blant dei første kristne. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med tilbake i historien.   Programleiar: Inge Kallestad  

Kva styrer våre liv?

Kva er det som styrer våre liv, spør kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til bibelhistorien om Pontius Pilatus. 

Gildt gjensyn på Zoom

Ein 65 år gammal historie blei eit triveleg gjensyn på Zoom. Og ein sang som sette kursen vestover kom i retur. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om eit par gilde opplevingar seinare tid.  

Langtidssjuk fekk spørsmål om å bli frisk

Mannen hadde vore sjuk i 38 år og fekk spørsmål om han ville bli frisk. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ein historie frå Johannesevangeliet kapittel 5. 

Gamal kyrkjegard og stort håp

Den gamle kyrkjegarden ved Jærhavet og det store håpet i den kristne trua. Det skal me stansa for hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Treng me formaning?

I Bibelen kan me lesa formaningar til dei kristne. Treng me formaningar? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjer seg nokre tankar.

Det som står igjen

Kva er det som står igjen etter oss mennesker? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ei kunstnerisk og historisk vandring.

-Det som ikkje finst i vår hjerne

-Det er noko som ikkje finst naturleg i vår hjerne og som kjem utanifrå heilt uventa, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Kva dette handlar om får du vita når han «Odd i Krånå» stansar for hjernen.

Råd til 16 åringen Odd

For nokre år sidan held forkynnaren Odd Dubland ein tale på ein nyttårsfest for ungdom. Det blei ein tale til seg sjølv som 16 åring.

Visdom frå barndomsbekken

Det blir visdomsord etter eit barndomsminne når kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ein bekk heime på Varhaug.

Dei to som venta

Då Maria og Josef tok med seg Jesusbarnet til tempelet møtte dei to som venta på Frelsaren. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel meir om dette møtet.

Vise menn på veg

Nokre vise menn frå Austerland gav seg i veg for å finna «jødekongen som no er fødd». Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjer seg nokre tankar om denne reisa.

-Ver god mot di gravide dotter

-Ver så god du kan mot di gravide dotter og barnet som kjem, seier Odd Dubland. Han snakkar om å tenkja rett og tar oss til bibelsoga om Josef og hans gravide forlovede Maria.

Songen sparte livet til soldaten

Soldaten song, fienden høyrde songen og senka geværet. Denne historien frå den amerikanske borgarkrigen om songen av Charles Wesley tar Odd Dubland fram.

Hovmodstankar og «ein torn i kjøtet»

-Hovmod er noko av det farlegaste som fins, seier Odd Dubland. Det handlar om freistinga til å bli hovmodig og apostelen Paulus sin historie om «tornen i kjøtet» i det andre Korintarbrevet kapittel 12.

Hanna si puslete bøn

-Når Hanna ba såg det veldig puslete ut, men Gud høyrde hennar bøn. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til ein bibelhistorie i 1. Samuelsbok kapittel 1.

Gjetarguten som blei rikskjendis

Han var gjetarguten som blei rikskjendis. Han var kongen som misbruka si makt og ba om nåde. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til den usminka historien om Israels Kong David.

Han som gav alt

– Han som hadde alt, gav alt, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Kven har snakkar om får du vita når han tar oss med til ord frå Lukas evangeliet kapittel 9.

Ord i ei usikker verd

Kor skal me gå med det usikre me opplever i vår tid? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ein stormfull tur på sjøen for Jesus og hans læresveinar.

-Han gjorde krav på så mykje

-Det spesielle med Jesus frå Nasaret er at han gjorde krav på så mykje om kven han er, seier Odd Dubland. Han tar oss med til bibelhistoriar frå Jesus sitt liv her på jord.

Dårleg kompaniskap

-Ein kan koma inn i kompaniskap som ikkje er godt, seier Odd Dubland i denne drøsen. Kunstnaren og forkynnaren tar oss med til Salmenes bok kapittel 1.

Stod vakt ved kongeleg gravferd

Mandag 19. september var det gravferd for Dronning Elisabeth 2. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland hugsar tilbake til då han stod vakt ved kongeleg gravferd i Norge i 1957.

Salmetankar etter sangmøte

Etter eit sangmøte med gamle salmetekstar har kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjort seg nokre tankar. Han tar her fram tre salmediktarar.

Kven er «ein ekte israelitt»?

I Bibelen finn me uttrykket «ein ekte israelitt, ein som er utan svik». Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar.

Lønnkammeret ved plenklipparen

-Dette lønnkammeret kan du gå inn i kor du er, sjølv om du går med plenklipparen, seier kunstnar og forkynnar Odd Dubland. Han har gjort seg nokre tankar om bønn etter besøk i ulike kyrkjebygg.

Engel og anger

-Eg har ein engel som har fulgt med gjennom heile livet, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Å bli stor i stort arbeid

-Det som er farleg for oss er hvis me blir store og ikkje treng Guds hjelp, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han snakkar om å bli store i oss sjølve, i eit stort og omfattande misjonsarbeid.

-Ord å kjenna seg igjen i

– Det er ord å kjenna seg igjen i, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar fram ein tekst av predikanten og forfattaren Simon Duun.

Den lamme kom ned frå taket

Det var fullt hus og vanskeleg å komma inn. Kva gjorde karane? Dei braut opp taket. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tek oss med til denne historien i Lukasevangeliet kapittel 5.

Guten som kom til kort med sparebøssa

Du får historien om den traktorkjørande guten som kom til kort med si eiga sparebøssa når kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar opp temaet forsoning.

– Han snakka mykje, men var ingen hardhaus

-Den me lærar mest å kjenna av Jesus sine læresveinar er Peter, seier kunstnaren og predikanten Odd Dubland. Han fortel meir om læresveinane, og særleg historien om Peter.

-Alt skal bli nytt

Framtidshåp er tema hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland denne gongen. -Alt skal bli nytt,seier han og tar oss med til Romarbrevet kap 8 og til salmen «Ja, engang mine øyne» av biskop Karl Marthinussen.

Preika som blei lagt vekk

-Lønnar det seg å vera ein kristen? Den unge forkynnaren Odd Dubland hadde førebudd tema for eit bedehusmøte i Ryfylke. Etter møtet blei preika lagt vekk.

Disiplar i villreie

-Disiplane hadde satsa alt på Jesus og forsto ikkje kva som skjedde då han døde, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

– Ein befrielse å vedkjenna trua på Jesus

-Eg opplevde det som ein befrielse å vedkjenna trua på Jesus som 15 åring, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Han snakkar her om det å vedkjenna kristen tru.

Historiar om gjestfridom

I dagar der mennesker må flykte frå krig tar kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fram historiar om gjestfridom. Blant anna då han som 19 åring var i FN-tenesta og kom til ein storby i Egypt.

-Ein veg å gå med det vonde

-Der er ein veg å gå med det vonde, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland i dagar som er prega av krig og ufred i vår verdensdel. Han tar oss også med til barneår under siste del av 2. verdenskrig.

Programleiar: Inge Kallestad

Kristen livsstil

Ein kristen livsstil er tema i denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Slavehandlaren som møtte Guds nåde

John Newton dreiv med frakting av slavar, men han møtte Guds nåde og skreiv ein av dei meste kjent salmane me har. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel meir om forfattaren, sangen og nåden.

Generalen som blei helbreda

Ein syrisk general lei av ein alvorleg sjukdom. Men ei ung bortført jenta frå Israel viste veg. Denne historien frå Bibelen si 2. Kongebok kapittel 5 er tema hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Kva kan sangen bety?

Kva kan den kristne sangen bety? Sangaren, forkynnaren og kunstnaren Odd Dubland snakkar litt om det og tar fram ein forfattar som har skreve ein av våre aller mest kjente kristne sangar.

Lang ferd til fots for salmediktar

Det blei ei lang ferd til fots for den komande salmediktaren. Kunstnar og forkynnar Odd Dubland tar oss med til Magnus Brostrup Landstad sine gutedagar.

– Eg kan ikkje rekna meg for kristen lenger

– Eg kan ikkje rekna med for kristen lenger, svarte han. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar etter ein prat med ein mann han møtte i ungdomstida.

Den runde kyrkja i Alpene

Ei rundforma kyrkja i Alpene har ei utsmykking som talar sitt tydelege språk. Det er utgangspunkt for nok ein drøs med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Kva står igjen etter oss?

Kva står igjen etter oss når livet her på jord er slutt? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar om sin far etter ei vandring i Vigelandsparken.

Menn som venta

Dei levde til ulike tider og hadde minst ein ting felles: Dei venta. Men kva venta dei på? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om desse to mennene som me møter i ulike delar av bibelsoga.

1700 år med julesongar

Det blir eit streif innom julesongar som har komme til i ein periode på nærare 1700 år, når me nok ein gong er innom hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Ein uvanleg fjelltur

Det blei ein noko uvanleg tur til fjells for Jesus og tre av læresveinane. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss inn i denne historien.

Songen som blei skreven i fengselscella på julekvelden

Predikanten og næringslivsgründaren Hans Nielsen Hauge skreiv song frå arresten på julekvelden. Ein annan songtekst var med og sette kurs for livet hans. Odd Dubland har gjort seg nokre tankar når det er 250 år sidan Hauge blei fødd.

Kva ba dei om?

-To menn gjekk opp til templet for å be, skriv evangelisten Lukas. Kven var desse to og kva ba dei om? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar.

Martin Luther, vaksinering og religiøst hovmod

Kyrkjefaderen Martin Luther, koronavaksinering og religiøst hovmod. Det er stikkord i denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Ein stillfarande kar på fengselsbesøk

Han er blant dei mindre kjente navna i historien og han hadde ei viktig teneste, blant anna med fengselsbesøk. Kunstmålaren og predikanten Odd Dubland fortel om ein mann med det noko uvanlege navnet Onesiforos.

-Sjå på dei som Jesus valde seg ut

-Er du blant dei som tenkjer at eg passar ikkje inn å vera ein kristen? Då skal du sjå på dei som Jesus valde seg ut, seier Odd Dubland. I denne drøsen snakkar han om Jesus sine læresveinar.

Den lamme kom gjennom taket

Dei måtte først fjerna takstein, så fira dei ein lamm mann gjennom takopninga. Denne soga frå Lukasevangeliet er tema i mandagspraten med kunstnar og forkynnar Odd Dubland.

Ikkje berre makt til å helbreda

-Jesus viste at han har makt, ikkje berre til å helbreda, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Men kva meir?

Sangen på jorda og i himmelen

Det handlar om sang på jorda og sang i himmelen når med denne gongen er på besøk hjå kunstnaren og forkynnar Odd Dubland.

Kongen som gløymde det viktigaste

Kong David heldt folketeljing, men gløymde det viktigaste. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel denne historien.

Mannen som nesten overtalte kongen

I denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel han historien om mannen som nesten overtalte kongen.

Ein far som ventar

Det handlar om ein far som ventar på sonen sin når me igjen besøker kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

– Vanskelege ord frå Jesus

Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram det som kan opplevast som vanskelege ord frå Jesus. Han stansar i eit avsnitt i Matteusevangeliet kapittel 16 der me høyrer om å mista og berga livet.

-Dei to viktigaste personane i livet

Det handlar om to viktige personar i våre liv når me er innom hjå han Odd i Krånå denne gongen. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til mor og far.

Draumen om ein stige til himmelen

Jakob drøymde om ein stige som gjekk opp til himmelen. Denne historien frå 1. Mosebok kapittel 28 er utgangspunkt for denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Rikdom, men ikkje i kroner

Rikdom, men ikkje i kroner og materielle ting. Det er stikkord for denne podcasten med han Odd i Krånå. Mandag 31. mai hadde pTro`s Inge Kallestad nok ein prat med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Predikanten som havna i fengsel

Han var lekpredikanten og næringslivsgründaren som havna i fengsel for sin virksomhet. Dette året er 250 år sidan Hans Nielsen Hauge blei fødd. Og denne mannen i norgeshistorien interessarar også kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Her får du første de

Dikt frå guttedagar og kunstnarliv

Du får eigenskrevne dikt frå guttedagar på Jæren og kunstnarliv frå han Odd i Krånå. Inge Kallestad har ringt opp til kunstnaren og predikanten Odd Dubland

Grevinna og salmediktaren som døde i meslingepidemi

Den tyske grevinna Elisabeth Ludämilia er kjent som kunstnar og diktar av over 200 salmar. Sjølv døde ho tidleg i 30 åra i ein meslingepidemi.
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til 1600-talet.

– Han har både sol og skuggar med

-Han har både sol og skuggar med i diktninga, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland om sangforfattaren Jens Marius Giverholt.

Ein salme om ein ubeden gjest

Diktaren Hans Adolf Brorson skreiv salme ut frå historien om ein ubeden gjest som kom innom der Jesus var på besøk.
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til Lukas evangeliet kapittel 7 og til salmeskatten.

Bibelbok utan Guds navn

I Bibelen finn me ei bok der Guds navn ikkje blir nemnt, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til Esters bok i Det gamle testamentet.

-Sangar som har komme i bakevja

-Eg har tenkt ein del på sangane som har komme i bakevja, seier kunstnar og forkynnar Odd Dubland. I dag tar han fram ein mindre kjent salmetekst av diktaren og presten Magnus Brostrup Landstad.

Rop om hjelp gjennom sangvers

Ei naud og eit rop om hjelp gjennom nokre sangvers. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har leita fram ein tekst frå den kristne sang- og salmeskatten.

Heimalaga kanon og minelegging i hønsegarden

Det blei både heimalaga kanon og minelegging i hønsegarden for vesle Odd som vaks opp under krigen. Men han hugsar også alvorlege og triste hendingar som ramma lokalmiljøet. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland delar minner frå 1940-talet på Jæren.

Overraskande tale til ein 16 åring

Du blir kanskje overraska når du høyrer kva 16-åring som kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland held tale til. Inge Kallestad har årets første drøs med han Odd i Krånå.

Med opphavet til skaparverket i armane

Han stod der med opphavet til alt Guds skaparverk i armane sine. Me skal høyra om den eldre mannen Simeon og fleire til. Kunstnar og forkynnar Odd Dubland fortel om vitner til Jesu fødsel.

Kongen frykta ein rival

Det handlar om ein konge og hans rival når me skal på besøk til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Kven var dei vise menn?

Kven var dei vise menn frå Austerland? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland snakkar om folk som var vitner til Jesu fødsel.

Kven kunne tru dette?

Kven kunne tru det som hendte med den unge møya Maria? I dagens drøs med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland skal det handla om vitner til at Jesus blei fødd.

Å koma til vegs ende…

Å koma til vegs ende og å koma til ein lukkeleg ende. Det er tema i denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Mannen som drøymde

Det handlar om ein mann som hadde ein draum når me får nok ein drøs med han Odd i Krånå.
Inge Kallestad har ringt opp til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Sauegjetaren som blei rikskjendis

I denne drøsen med han Odd i Krånå skal me høyra om ein sauegjetar som blei rikskjendis, men som gløymde noko viktig. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar deg med.

Gammalt ord og lite i bruk

I dagens drøs med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar han fram eit gammalt ord som gjerne er lite i bruk i vår tid.

Engel med eit overraskande navn

-Eg har ein engel som alltid har fulgt meg, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Du blir gjerne overraska når du høyrer navnet på denne engelen.

Fangen som talte til kongen

Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om ein fange som talte til ein konge. Og det blei ein tale som gjorde inntrykk.

Odd i krånå: Eit jærsk uttrykk og to salmar

Det blir eit jærsk uttrykk og to gamle salmetekstar, når me besøker Odd i krånå.

Odd i Krånå: Ein mann og hans kamp

Det handlar om ein mann og hans kamp når me igjen tar turen innom til han «Odd i Krånå», kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.

Odd i Krånå: Ord og uttrykk frå Bibelen og ei soga

Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram bibelske ord og uttrykk som me brukar i daglegtale. Har har også ei bibelsoga om to brør og deira foreldre.