Bibelguiden: Filipperbrevet, ep. 9
Paulus var fyrst og framst heidningane sin apostel – det vil seia at han hovudsakeleg var engasjert i å bringa evangeliet om Jesus til ikkje-jødar. Det me kallar ikkje-jødar blei på hans eiga tid kalla anten grekarar, eit ord som beteiknar at kulturen og språket deira var gresk, eller dei blei – av jødar – kalla heidningar, for å markera at dei ikkje var del av Guds utvalde folk.