Bibelguiden: Filipperbrevet, ep. 10
I Det nye testamentet har me 13 brev som Paulus skreiv til menigheiter eller til medarbeidarar. Eit av desse breva er brevet til menigheita i Filippi – ei menigheit som han sjølv hadde grunnlagt, og som heilt sidan starten hadde vist ein særleg omsorg for Paulus. Då han skreiv brevet til filipparane, sat han i fengsel i Roma, og i brevet takkar han for måten dei hadde støtta han og den misjonstenesta han var engasjert i.